Anne Lise Kvalevaag, seksjonsleiar i seksjon for forsking og innovasjon.
Helge Børresen, konsulent i seksjon for forsking og innovasjon.
Doris Gundersen, rådgjevar i seksjon for forsking og innovasjon.
Vi set deg eller ideen din i kontakt med dei rette personane.
Når vi tek imot ideen din gjer vi ei første vurdering før vi igjen tek kontakt med deg for ytterligare informasjon eller for å sette deg i kontakt med dei rette personane som kan hjelpe deg vidare med ideen din.
Vi har ikkje pengar å dele ut i seksjonen, men vi kan hjelpe deg med å finne dei rette kjeldene til finansiering av din idé og hjelpe deg vidare i søknadsprosessen. Dessutan lyser også Helse Vest ut innovasjonsmidlar som ein kan søke.
Idémottaket vidaresender alle patentbare oppfinningar til vurdering hjå teknologioverføringsselskap.